Sidan 2007 har vi i Frende levert gode skade- og livsforsikringar – fordi vi bryr oss litt ekstra om deg, ditt og dine.
Med over 250 000 kundar i privat- og bedriftsmarknaden dekker vi heile Norgeskartet med frenderådgjevarar gjennom dei solide sparebankane som eig Frende.
Vi meiner forsikring altfor ofte er unødvendig komplisert og innvikla, og vi veit at folk flest eigentleg ikkje har så veldig lyst til å tenke på forsikring. Difor jobbar vi kvar dag for enda betre løysingar som gjer at du som kunde kan bruke minst mogeleg tid på forsikring, men likevel ha best mogeleg dekning til gode prisar.
Det skal være lett å være godt forsikra. Vi er her for å gjere forsikring lettare og meir menneskeleg for dei som helst vil slippe å tenke på det.
Men lat oss ta det frå byrjinga.
Ein frende
Du lurer kanhende på kvar namnet vårt kjem frå? Vi hadde eit ynskje om eit vakkert, solid og norsk namn tufta på strategien og verdiane våre. Frende kjem frå det norrøne ordet frændi. Det tyder ven eller slektning, og logoen vår symboliserar Frende som ei hjelpande hand for kundane våre.
"Slektskapet" og samarbeidet med eigarane er svært viktig for Frende, og samstundes den gode posisjonen dei har i sine lokalmiljø.
Solide, lokale eigarar
Det var fire norske, uavhengige sparebankar som våren 2007 gjekk saman om å starte Frende Forsikring, ein utfordrar i bransjen. Arbeidsplassar vart skapt og dyktige tilsette med lang erfaring frå finans- og forsikringsmiljøet vart rekruttert.
Allereie i desember 2007 kunne våre fyrste kundar kjøpe forsikringane sine hjå oss.
Frende har over tid vore blant landets desidert raskast veksande forsikringsselskap. Det har vi fått til med nye distributørar i nye geografiske områder. I løpet av dei fyrste åra kom ytterlegare ti solide sparebankar inn på eigarsida, vi har og hatt ei rekkje eigne salskontor i franchise.
I 2021 kom tre tidlegare brannkasser til, og i 2022 ti nye lokalbankar på eigarsida og som distributørar. I 2024 vart det kjend at Frende kjøper landdelen av Granne forsikring, tidlegare Møretrygd. No har vi 23 eigarar, nær deg.
Hovudkontoret vårt held til i Jonsvollskvartalet i Bergen sentrum. I 2024 er vi meir enn 330 her. Vi er stolte over at vi som jobbar i Frende skårer arbeidsplassen vår høgt på trivsel og godt arbeidsmiljø.
Ynskje om å vokse vidare er sterkt. Vi gler oss til fortsetjinga.
Det løner seg å være ein frende
Akkurat som deg, bryr vi oss både om vener og truskap. Derfor har det vore viktig for oss å gje deg som kunde lojalitetsbonus og totalkunderabatt.
Når du har vore kunde hjå oss i tre år får du automatisk fem prosent rabatt på alle skadeforsikringane dine. Lojalitetsbonus kallar vi det, og vi er det einaste forsikringsselskapet som gir kundane slik rabatt. Samlar du tre eller fem rabattgivande forsikringar kuttar vi prisen på skadeforsikringane dine med 10 eller heile 17 prosent. Fint, eller kva?
Du kan lese meir om korleis du får billigare forsikring her.
Kvar kan du kjøpe forsikringar frå Frende?
Hjå oss skal det vere lett og trygt å vera kunde. Du møter mennesker som bryr seg. I snitt har vi dei mest nøgde kundane i forsikring dei siste ti åra.
Vi har alltid plass til fleire frendar, og vonar du har lyst å bli ein av oss. Det er fleire vegar inn for å få meir informasjon om oss, og eventuelt få eit uforpliktande tilbod. Våre forsikringar får du
- i sparebanken hjå deg, sjå fullstending oversikt over desse her
- hos rådgjevar i Frende på kundeservice@frende.no eller 55 15 36 00. Du kan og tinga time når det passar deg best
- på Varig-kontora
- i nettbutikk. Sjekk pris og kjøp skadeforsikringar enkelt på nett
Treng du meir informasjon enn det du finn på sidene her, til dømes om forsikringar for liv og helse som krev noko meir rådgjeving? Snakk med ein av dei gode rådgjevarane våre om korleis du kan sikra deg og dine.
Beste helsing,
Vegar Styve
konsernsjef Frende Forsikring